Internasjonal vinterfestival i Rauland
13. til 17. februar arrangerer Institutt for folkekultur i Rauland internasjonal vinterfestival med mellom anna workshops i tre-, metall-, og tekstilarbeid.
Festivalen er ei vidareutvikling av den tradisjonsrike Vinterkappleiken som studentane har arrangert gjennom mange år. Vinterkappleiken er framleis med, men i tillegge er det utvida med mange konsertar og verkstadar innan folkekunst og folkemusikk som er opne for alle.
Festivalen har fått form og innhald med bakgrunn i det store nasjonale og internasjonale nettverket som er bygd opp rundt fagmiljøet i Rauland. Representantar frå ulike fagmiljø innan folkekunst, folkemusikk vil møtast i Rauland desse dagane, og det har vore stor interesse frå utøvarane for å kome til Rauland og få vere med på festivalen. Særleg godt representert er Ungarn, der vi får besøk både frå Liszt akademiet og Moholy-Nagy University of Arts and Design
Folkemusikkverkstadar
Som ein kan sjå av programmet, er det utøvarar frå mange europeiske land - frå Frankrike, Ungarn, Serbia, Slovakia, Shetland, Sverige, Finland og Noreg. Desse musikarane er leiande utøvarar i sine land og har stjernestatus også på verdsbasis. Dei fleste norske utøvarane er tidlegare studentar frå Rauland som alle har etablert seg som markerte utøvarar innan sjangeren folkemusikk.
Folkekunstverkstadane har ornament som tema og vert leia av professor II, Arne Magnus Johnsrød, kunsthandverkar Liv Mildrid Gjernes og tekstilkunstnar Sonja Berlin. Arne Magnus Johnsrød er tilsett ved KHiO i tillegg til å vere tilsett i Rauland, og for tida arbeider han med ei doktorgrad om biologisk patinering av metall. Smiing og korpus er spesialområder. Kunsthandverkaren Liv Mildrid Gjernes er mest kjend for sine banebrytande arbeid i tre. Impulsar frå folkekunsten pregar mange av arbeida hennar. Sonja Berlin, tidlegare masterstudent frå Rauland, er mest kjend for arbeid med brikkevev, både som tradisjonsformidlar, forfattar og kunstnar. Professor Mikkel B. Tin vil sette i gang arbeidet med si forelesing om ornamentet i folkekunsten og seniorkurator ved Nasjonalmuséet, Widar Halén, vil vere med å avslutte det heile på laurdag.
Dokumentasjon
Rauland er også så heldige å få besøk av animatøren Pjotr Sapegin og filmfotografen Kristin Günther. Dei vil vere tilstades under heile festivalen og dokumentere det som skjer.
Studiebesøk frå Romania og Ungarn
Eit av måla med festivalen er å etablere eit fleirårig europeisk kultursamarbeid. Institutt for folkekultur har, saman med Telemark fylkeskommune, starta på eit samarbeide med den nordlegaste regionen i Romania, Maramures, og representantar frå etnografisk museum, North University Baia Mare og leiinga for det internasjonale kontoret i regionen vil besøke Rauland saman med representantar for Telemark fylkeskommune. Gjestar frå Ungarn er Róbert Kocsis, representant frå fylket Hajdú-Bihar og folkekunstnaren András Galánfi.
Festivalen er støtta økonomisk av HiT, Telemark fylkeskommune og Vinje kommune.
| Lenker: |
| » Program (pdf) |